Bønder og kollektivtransport på SVs kravliste i forhandlingar om krisepakke

Økonomisk hjelp til bønder og pengar til kollektivtrafikken står på SVs prioriteringsliste når dei skal forhandle med regjeringa om koronakrisepakken.
innenriks

Regjeringa la fredag fram ein krisepakke verd over 20 milliardar kroner for å hjelpe kulturliv, næringsliv og andre sektorar som er ramma av koronatiltak.

No følgjer forhandlingar med SV i Stortinget.

Men dei kan bli tøffe.

SV kritisk

SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski meiner krisepakken til regjeringa endå ein gong ikkje lever opp til forventningane. Krisepolitikken til høgresida sit igjen i veggene, seier ho.

– Det er utruleg at vi to år inne i pandemien framleis ikkje har fått rusta opp velferda. Regjeringa satsar heller ikkje i denne krisepakken på grunnleggjande, langsiktig opprusting av velferda. Kommunane har låg bemanning, høge utgifter og små budsjett. Vi må ha folk på jobb i helsesektoren, barnehagar, skular og eldreomsorg, seier Kaski.

– Og endå ein gong gløymer regjeringa studentane, føyer ho til.

SV har lenge kjempa for lønnsstøtteordninga, som med 4 milliardar kroner utgjer ein vesentleg del av krisepakken. Men det er ikkje nok, ifølgje Kaski.

– Den må styrkjast, og ordningane for kulturlivet må forbetrast, seier ho.

Regjeringa har sett av i alt vel 1,7 milliardar til ulike tiltak innan kultur, idrett og frivillig innsats.

SV varslar at dei òg vil sjå på kompensasjonsordninga for næringslivet.

Bønder på bordet

SV-leiar Audun Lysbakken trekte på si side fram den økonomiske situasjonen til bøndene som ei av sakene SV vil ha på bordet i forhandlingane, då han talte til landsstyret til partiet fredag.

Bøndene er ramma av høge straumprisar, men også auka prisar på gjødsel og andre varer dei treng for å produsere mat.

– Situasjonen for mange bønder er veldig vanskeleg no. Dei har regulerte prisar på produkta sine, og fortenesta forsvinn veldig kjapt i takt med straumrekningane, seier Lysbakken til NTB.

Landbruksminister Sandra Borch (Sp) har varsla at ho er innstilt på ekstra utbetalingar til bøndene i år.

… og kollektivtrafikk

Auka støtte til kollektivtransporten er òg på Lysbakkens kravliste før forhandlingane om krisepakken til regjeringa.

– Vi kjem til å ta opp kollektivtransporten og situasjonen for jernbanen. Regjeringa har til no fokusert einsidig på fly, samtidig er det sånn at jernbanen og dei lokale kollektivselskapa slit tungt, sa han i ein kommentar som vart gitt før sjølve krisepakken vart lagt fram.

Samtidig går det føre seg forhandlingar om ordningar for permitterte, sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar på Stortinget.

– Det er ikkje minst mange kulturarbeidarar som no er fortvila over at dei ikkje får same kompensasjon som under tidlegare nedstengingar, seier Lysbakken.

(©NPK)