Den fjerde arresterte i Tolga-saka blir fengsla i fire veker

Den fjerde mannen som er arrestert etter bortføringa i Tolga 2. januar, blir fengsla i fire veker. Mannen nektar straffskuld.
innenriks

Østre Innlandet tingrett gir òg mannen brev-, besøks- og medieforbod i heile fengslingsperioden. To av vekene må han sitje i isolasjon.

– Politiet er samd i vurderinga til retten i rettsavgjerda. Vi meiner dette er nødvendig av omsyn til den vidare etterforskinga, seier politiadvokat Vibeke Stolp Ekeland i Innlandet politidistrikt.

Mannen vart arrestert onsdag denne veka, rundt halvannan time etter at han vart etterlyst av politiet.

– Utover at vedkommande ikkje melde seg frivillig, og at arrestasjonen elles gjekk utan dramatikk, kan vi ikkje gå nærare inn på detaljar om kvar og korleis dette gjekk føre seg, sa Ekeland på ein pressekonferanse onsdag.

Forsvararen til mannen, advokat Klaus Arne Munkeby Linaae, sa torsdag til Dagbladet at klienten hans nektar straffskuld.

– Han erkjenner ikkje straffskuld og vil krevje seg lauslaten på fengslingsmøtet, sa Linaae.

Frå før er tre menn arresterte og varetektsfengsela i saka der ein 20 år gammal mann vart bortført i Tolga natt til 2. januar. Alle dei fire er menn i 20-åra, og tre av dei er tidlegare straffedømde. Dei er sikta for fridomskrenking eller medverknad til det. Tre er busett i Oslo, og éin er busett på Hamar.

(©NPK)