Ekstrem snøskredfare fleire stader

Det er sendt ut raudt farevarsel om snøskred på Helgeland, Trøndelag og Svalbard for fredag. Raudt farevarsel betyr at det er ekstrem fare.
innenriks

Også i områda Svartisen, Salten, Trollheimen og Ofoten er det farevarsel på raudt nivå.

Med unntak av Svalbard er snøskredproblemet fokksnø (flakskred) og våt snø (flakskred). Det same gjeld Helgeland, Ofoten, Salten, Svartisen, Trollheimen og Trøndelag.

På Svalbard er snøskredproblemet vedvarande svakt lag (flakskred) og fokksnø (flakskred).

Varsam skriv at det er omfattande ustabile forhold.

– Mange store og nokre svært store naturleg utløyste skred blir venta. Hald avstand frå utløysings- og utløpsområde for snøskred, skriv nettstaden.

– Ferdsel i skredterreng blir ikkje tilrådd. Skred kan treffe skredutsette vegar og busetnad, skriv Yr på nettsidene sine.

(©NPK)