Høgsterett skal behandle truslar mot kongen

I fjor vart ein mann dømd til tvungen psykisk helsevern for mellom anna å ha trua med å drepe kongen. No skal saka opp i Høgsterett.
innenriks

Mannen erkjende i Borgarting lagmannsrett i fjor at han hadde sendt fire e-postar med truande innhald til Slottets postmottakssenter dei siste åra.

«eg vil drepe så mange jeg klarer og litt til. Og så til sist. Kongen har talt sin siste tale. Ja det blir jævlig sadistisk og barbarisk.", skreiv mannen i den eine av e-postane.

I november vart mannen i Borgarting lagmannsrett dømd etter paragrafen i straffelova 115, som omfattar angrep på verksemda til dei høgaste statsorgana, for truslane mot kongen.

Mannen har i fleire år hatt diagnosen paranoid schizofreni og er rusavhengig. Han har sidan han fekk diagnosen, vore under tvungen psykisk helsevern og vart av lagmannsretten dømd til framleis tvungen psykisk helsevern.

Forsvararen til mannen John Christian Elden anka dommen til Høgsterett, og no har ankeutvalet i Høgsterett bestemt at dei skal sjå på lovbruken og dommen på tvungen psykisk helsevern.

(©NPK)