Skolenes landsforbund: Tilsette i skular og barnehagar er mindre trygge

Lettane i skular og barnehagar fører til at tilsette har større risiko for å bli smitta, meiner Skolenes landsforbund – som kritiserer Arbeidstilsynet.
innenriks

Fredag vedtok styret i landsforbundet ei fråsegn om at tilsette i skular og barnehagar verken har hatt eit trygt fysisk eller psykisk arbeidsmiljø i pandemien, noko som ifølgje forbundet er eit brot på arbeidsmiljølova.

Bakgrunnen for uttalen er at regjeringa torsdag endra på tiltaka. Mellom anna er ikkje skular og barnehagar lenger pålagt å ha gult nivå, medan vidaregåande skular har gått frå raudt til grønt. Frå no av skal det òg vere kommunane som bestemmer tiltaksnivået.

Skolenes landsforbund meiner Arbeidstilsynet har svikta dei tilsette.

– Oss kjent er det ikkje gjort nokon som helst sjølvstendige vurderingar frå Arbeidstilsynet om arbeidsmiljøet til tilsette i skular og barnehagar under pandemien, seier forbundsleiar Mette Johnsen Walker til bladet FriFagbevegelse.

Direktør Monica Seem i avdeling for arbeidsmiljø og regelverk i Arbeidstilsynet avviser på si side problemstillinga.

– Arbeidstilsynet kan ikkje vurdere arbeidsmiljøet for undervisningssektoren under eitt. Ei vurdering av om arbeidsmiljøet er fullt forsvarleg må gjerast for kvar enkelt arbeidsplass, for grupper av arbeidstakarar og i nokre tilfelle for kvar enkelt arbeidstakar, seier ho.

(©NPK)