Kor Løye satser stort med pinsekabaret

Etter eit relativt trasig år køyrer dei på med påskekabaret i pinsa, med seks manns orkester og innleigde skodespelarar. Korleiar Line Drege håpar kulturhussalen kan fyllast med fleire enn 100.

Held koken: Kor Løye med «Koronnjå»-konsert i Storfjord Kulturhus hausten 2020.  Foto: Ingrid Hjellbakk Kvamstø

kultur

(Smp) Vanlegvis har den årlege påskekabareten til damekoret på Stranda premiere i palmehelga, men også her må det tenkast nytt i desse tider.