– Nynorsk er eit vakkert språk å syngje på

Songaren Magne Fremmerlid framførte kjende og ukjende salmar på nynorsk i Sykkylven kyrkje søndag.

Vil halde salmetradisjonen ved like: Magne Fremmerlid framføre salmar på nynorsk under konserten "No stig vår song" i Sykkylven kyrkje søndag.  

kultur

Songaren Magne Fremmerlid fekk våren 2019 i oppdrag frå Møre Bispedøme og Nynorsk kultursentrum å lage ein salmekonsert med nynorske salmar. Hausten 2019 vart fem kyrkjer i Møre Bispedøme vitja med dette programmet. Planen var at mange fleire kyrkjer skulle få besøk i løpet av 2020, men koronapandemien sette stopp for konsertane.