Bottas med ny Mercedes-kontrakt

Valtteri Bottas kjem til å danne førarduo med Lewis Hamilton hos Mercedes òg neste formel 1-sesong.
sport

Torsdag skreiv finnen under ein ny eittårskontrakt med laget som har vunne formel 1-VM dei siste seks sesongane.

– Vi er særs nøgde med at Valtteri blir i laget i minst éin sesong til. Valtteri er ein hardtarbeidande og ærleg fyr som har eit godt forhold til heile laget, inkludert lagkameraten sin, noko som ikkje er gitt når begge kjempar om å vinne, seier Mercedes-sjef Toto Wolff.

Både Bottas og Hamilton gjekk inn i 2020-sesongen på utgåande kontrakt. Det er venta at også Hamilton forlengjer avtalen sin med laget.

(©NPK)