Start får rasismebot på 25.000 kroner

Start får 25.000 kroner i bot etter at ein av supporterane deira kom med rasistiske tilrop mot Sandefjord-spelar Brice Wembangomo.
sport

Doms- og sanksjonsutvalet i Norges Fotballforbund (NFF) opplyser at klubben òg må spele med eit banner på tribunen i årets sesong der det står #Stopprasisme.

Start gav supporteren som kom med tilropa karantene i 60 kampar frå kampane sine.

Påtalenemnda bad om at Start måtte spele for tomme eller delvis tomme tribunar, avhengig av koronareglementet ved sesongstart. Nemnda meinte òg at klubben ikkje skulle betale bot om det vart tilfellet.

Doms- og sanksjonsutvalet kom til at det er stor uvisse om tilskodarar får sleppe inn, og at Start sjølv, i motsetning til dei to andre rasismesakene i norsk fotball i fjor, varsla media om dei rasistiske tilropa.

Dei to andre sakene gjaldt Aalesund og Sandefjord. Som begge måtte spele ein kamp for tomme tribunar, betale bot og hengje opp eit banner på tribunen.

Start og påtalenemnda kan anke avgjerda. Partane har ei vekes ankefrist.

(©NPK)