Tysklands utanriksminister vil ta ishockey-VM frå Kviterussland

Tysklands utanriksminister Heiko Maas vil at Det internasjonale ishockeyforbundet (IIHF) tek årets VM i ishockey frå Kviterussland.
sport

Maas meiner at heile meisterskapen er eit PR-stunt for den kontroversielle presidenten i landet, Aleksandr Lukasjenko. Han meiner at det ikkje er riktig at meisterskapen blir arrangert i eit autoritært land der demokratirørsla blir undertrykt.

– Dei som seriøst ønskjer å vise solidaritet med Kviterussland kan ikkje meine at landet skal arrangere VM i den situasjonen dei er i, seier Maas til avisa Berliner Morgenpost.

Den tyske utanriksministeren stiller seg i ei lang rekkje personar som har meint det same. Tage Pettersen, Noregs Ishockeypresident, sa dette om situasjonen for éi veke sidan.

– Vi har teke fleire initiativ overfor det internasjonale samfunnet, saman med dei nordiske søsterorganisasjonane våre, der vi har vore tydelege på at vi ønskjer at IIHF skal planleggje ein meisterskap utanfor Minsk, sa Pettersen til VG i november.

Ishockey-VM skal etter planen arrangerast frå 21. mai til 6. juni. Danmark har meldt seg og vil gjerne overta Kviterusslands del av arrangementet.

(©NPK)