VM-starten ikkje heilt utan tilskodarar i Kairo

Det var nesten 1000 menneske i hallen då Egypt starta heime-VM i handball onsdag. Det skaper ny debatt om smitteverntiltaka.
sport

Det er den danske avisa Ekstra Bladet som melder at det var opp mot 1000 personar på tribunane under VM-opninga mellom Egypt og Chile. Dei utsende frå avisa la ut fleire bilete frå hallen.

Cirka 100 skal ha vore offisielle gjester og plassert på den eine langsida. Resten var å sjå bak dei to måla i storhallen med plass til 17.000 tilskodarar.

Ekstra Bladet melder om at tilskodarane sat langt unna spelarane, og at det vart halde ei form for sosial distansering og bruk av munnbind.

Ifølgje Det internasjonale handballforbundet (IHF) skal mange av dei som var inne på tribunane vere tilsette som hadde ulike arbeidsoppgåver i arenaen kampkvelden.

Førre veke måtte VM-arrangøren gå bort frå å ha 20 prosent av tilskodarkapasiteten i hallen under kampane. Dette skjedde mellom anna etter eit protestbrev frå fleire lagkapteinar.

To lag (USA og Tsjekkia) har meldt avbdd til VM etter korona-smitteutbrot.

Noreg startar kampane sine mot Frankrike torsdag.

(©NPK)