Torsdag hevda Bayern Munchens styreleiar Karl-Heinz Rummenigge at Uefa jobbar med ein plan om å arrangere EM i berre eitt land. Meisterskapen skulle vore arrangert i tolv europeiske byar i 2020, men vart utsett på grunn av koronasituasjonen.
Ifølgje Martin Kallen, som er Uefas EM-direktør, er planen at EM skal spelast i fleire land. Danmark skal vere eitt av dei.
– Vi spelar i København med mindre dei danske styresmaktene forbyr det, seier han til TV3 Sport.
Ifølgje Kallen skal planen no vere å avgrense EM til åtte byar i staden for opphavleg tolv. Ei endeleg avgjerd er venta i mars.
(©NPK)