Nossum leverte falsk positiv test på ny

Akkurat som i Ruka før jul, leverte langrennstrenar Eirik Myhr Nossum ein positiv koronatest som seinare viste seg å vere negativ ved framkomst i Lahti torsdag.
sport

Hurtigtesten som herretrenar Nossum tok, gav igjen utslag då han kom til den finske vinterbyen før verdscuphelga.

– Ja, det er same prosedyre som kvart år i Finland. Eg testa positivt på den første antigentesten. Og då er prosedyren grei. Då må du inn og teste igjen, seier Nossum til NRK.

Klok av skade ante Nossum kva som kom til å skje, og tok det atskilleg meir med ro enn sist gong han måtte i isolasjon i november.

Fredag morgon kom beskjeden om at PCR-testen var negativ.

Nossum har ein teori på kvifor han igjen testa positivt i første omgang.

– Den finske antigentesten reagerer på nokre protein eg har i kroppen og tolkar det for å vere covid-19. Det er sånn det fungerer.

Den falske positive testen fekk ingen konsekvensar for det norske laget.

Laurdag står skiathlon for både kvinner og menn på programmet. Laurdag er det stafettar for begge kjønn.

(©NPK)