Raiola samanliknar Haaland med Lewis Hamilton

Superagent Mino Raiola har uttalt seg om stjernegalleriet han har på kundelista. Erling Braut Haaland er ifølgje agenten ønskt av alle lag med ambisjonar.
sport

Det norske stjerneskotet var eitt av temaa under Raiolas intervju med BBC, der agenten valde å samanlikne nordmannen med eitt av dei aller største idrettsnamna i verda.

Lewis Hamilton har vunne rekordmange løp i Formel 1 (95). Han tangerte i 2020 legenda Michael Schumacher i talet på samanlagtsigrar (sju), og han har fått OBE-orden av dronning Elizabeth ll. Likevel finn agenten likskapar mellom Formel-1-sportens mestvinnande og ein jærbu frå vesle Noreg.

– Eg trur ikkje det er ein sportsdirektør eller trenar i verda som ville sagt nei til Haaland. Det er som å seie at eit Formel-1- lag ikkje ville hatt Lewis Hamilton, seier Raiola.

Han hevdar at det er høgst ti klubbar i verda som har råd til å kjøpe Haaland og samtidig gi han plattforma som trengst etter Dortmund-opphaldet. Han fyrer samtidig opp om kvar karrieren kan gå vidare.

– Fire av dei ti klubbane er i England, seier han.

(©NPK)