Eckhoff blir Sverige-proff

Den norske midtbanespelaren Noor Eckhoff er klar for Eskilstuna i Damallsvenskan. 21-åringen har skrive under for to år.
sport

Eckhoff har i vinter spelt for Melbourne City. Førre sesong spelte ho for Kolbotn.

– Vi har leita etter ein spelar for å komplettere troppen, og Noor har dei eigenskapane vi var ute etter. Ho er ein midtbanespelar med ein tydeleg defensiv balanse og med viljen til å ta ansvaret for den rolla. Ho er bra fysisk og god i duellspelet. Det vil vi få god bruk for. Ho utstråler energi og ambisjonar, seier trenar og sportssjef Magnus Karlsson til nettsida til klubben.

Eckhoff har tidlegare òg spelt for Lyn og fått med seg landskampar på aldersbestemde lag.

(©NPK)