Ekte hat trick for pappa Griezmann

Barcelona-spissen Antoine Griezmann vart torsdag far for tredje gong. Og for tredje gong vart barnet fødd 8. april.
sport

For å bruke fotballterminologi må det kallast eit ekte hat trick for den franske stjerneangriparen.

Han og kona Erika Choperena vart foreldre for første gong til dottera Mia 8. april 2016. Nøyaktig tre år seinare kom sonen Amaro til verda, og torsdag vart familien auka til fem då sonen Alba såg dagslys.

– Alba Griezmann 8. april 2021 klokka 10.24, skriv den stolte pappaen på Twitter saman med eit hjarte og eit tåteflaske-ikon.

(©NPK)