Hykkerud braut med Drammen – prøver profflivet i Hellas

Handballveteranen Joakim Hykkerud (35) slo til då AEK desperat trong ein ny strekspelar. Han har skrive under ein korttidskontrakt med grekarane.
sport

Avtalen var i boks etter at Hykkerud først avslutta arbeidsforholdet med Drammen Håndballklubb.

Han seier til Varden at AEK kontakta han etter at Aten-laget fekk ein skade på ein av strekspelarane sine. Den tidlegare tysklandsproffen kan debutere allereie laurdag.

Då skal den greske hovudstadsklubben møte Gorenje Velenje frå Slovenia i den første av to semifinalekampar i den nye europacupen (tidlegare Challenge Cup).

Hykkerud fortel at han så vidt rakk flyet til Hellas. No har han rokke å få summa seg og trenar med dei nye lagkameratane sine.

– Det har vore hektisk med kontraktsmøte, videomøte med trenarteamet og slike ting, seier han til Varden.

Den tidlegare landslagsprofilen seier dette om det økonomiske bak overgangen:

– Eg får ein grei kompensasjon for å ha terminert avtalen med Drammen. Den varte ut mai, men det er liksom ikkje heilt ville beløp. For å vere ærleg, eg veit ikkje eingong kva skatten er og har heller ikkje skaffa meg eit kontonummer i Hellas. Det får eg fikse etter kampen på laurdag.

(©NPK)