Fotball: – Dublins EM-kampar blir flytta til St. Petersburg

Dublin ser ut til å bli fråteken kampane sine i fotball-EM. Kampane som skulle vore spelt i den irske hovudstaden blir då flytta til St. Petersburg.
sport

Det melder den polske nettstaden Sportowefakty med tilvising til kjelder i Polens fotballforbund. Polen er til liks med Sverige, Spania og Slovakia i EM-gruppa som skulle ha spelt i Bilbao og Dublin.

– Vi ventar til det blir offisielt før vi uttaler oss, seier den administrative leiaren i Sveriges landslag Stefan Pettersson til Aftonbladet.

Uefa har utsett til fredag den endelege avgjerda om kva som skjer med EM-byar som ikkje kan garantere at det blir tilskodarar på kampane, men lokale styresmakter i Bilbao har stadfesta at byen mistar kampane sine. Dei blir truleg flytta til Sevilla.

Dublin har meir eller mindre gitt opp håpet om å behalde kampane sine.

Polens fotballforbund skal allereie ha fått beskjed om at Dublin-kampane blir flytta til St. Petersburg, som frå før var ein av EM-vertsbyane. Den russiske byen vil nytte 75 prosent av tilskodarkapasiteten.

(©NPK)