Empoli sikra opprykk med storsiger

Empoli er neste sesong tilbake i den italienske Serie A etter to års fråvær. Det vart klart med 4–0-siger over Cosenza tysdag.
sport

Leonardo Mancuso, Andrea La Mantia (2) og Nedim Bajrami skåra måla i den komfortable heimesigeren.

Empoli toppar Serie B med 70 poeng når to serierundar står igjen og kan ikkje bli teke igjen av noko lag.

Salernitana har 63 poeng og eit lite grep om andreplassen, som også gir direkte opprykk. Men Monza og Lecce følgjer berre to poeng bak dei.

I toppdivisjonen Serie A står det igjen fire serierundar. Der er det klart at Crotone og Parma går ned, medan det ligg an til ein intens kamp om å unngå den siste nedrykksplassen.

(©NPK)