Ishockeylandslaget yppa seg mot Sverige i 3–5-tap

Noreg leidde tre gonger i ishockeylandskampen mot Sverige tysdag, men det enda med eit nytt tap i oppkøyringa til VM. Svenskane vann 5–3.
sport

På grunn av dei norske innreiserestriksjonane er heile oppkøyringa lagt til København med to turar over sundet til Malmö for å møte Tre Kronor i dei to første landskampane for Noreg sidan februar i fjor.

Akkurat som i 2–5-tapet på måndag fekk Noreg ein kjempestart, denne gongen med skåring før det var spelt eitt minutt. Aggressiv «forechecking» førte til at svenskane sleit med å spele seg ut. Viktor Lööv prøvde å dempe ein tversoverpasning frå Malte Strömvall med skøyta, men pucken spratt rett til Tommy Kristiansen, som omsette gåva i 1–0-leiing.

Thomas Valkvæ-Olsen og Emil Lilleberg skåra nye leiarmål, begge på pasning frå Kristiansen, men kvar gong utlikna svenskane like etter.

Det stod 3–3 etter to periodar, men nesten midtveges i den siste tok Sverige leiinga for første gong ved Andreas Wingerli.

Noreg hadde store sjansar til utlikning i overtal, men vertane punkterte i staden kampen i eit «powerplay». Tommy Kristiansen, som var Noregs store spelar, hadde eit skot i krysset og ut på tampen.



(©NPK)