FIS-representant: Stor sjanse for skiflyging for kvinner i 2023

Etter møtet på tysdag i hoppkomiteen i Det internasjonale skiforbundet (FIS) har Bertil Pålsrud tru på skiflyging for kvinner i 2023.
sport

Sarah Hendrickson, vinnaren av det første verdscuprennet i hopp for kvinner i 2011, talte saka til utøvarane på møtet.

Amerikanaren var ifølgje Pålsrud klar over at det ikkje kom til å bli nokon endringar for skiflygingsplanane til kommande sesong, men ho argumenterte for at dei kvinnelege utøvarane hadde eit sterkt ønske om å hoppe skiflyging så fort det lèt seg gjere.

Det ønsket trur Pålsrud, som er Noregs representant i FIS' hoppkomité, at Maren Lundby og dei andre hopparane kan få oppfylt i 2022/2023-sesongen.

– Det blir inga endring om 2022, men vi held datoane opne for 2023. Det gir ei stor moglegheit, seier Pålsrud til NTB.

Store hoppnasjonar som Austerrike, Slovenia, Polen og Tyskland var blant dei ni landa som stemde mot forslaget då saka var oppe tidlegare i år, men Pålsrud trur fleire av landa kan bli overtydde etter verdscupstemnet i Willingen i 2022. Der får kvinnene sjansen i storbakken i den tyske byen.

– Dei vil først sjå Willingen, og viss det går bra, vil vi få det til i 2023, håpar eg.

(©NPK)