Federer rauk ut i gruscomeback på heimebane

I den første kampen sin på to månader tapte Roger Federer mot spanjolen Pablo Andujar i grusturneringa Genève Open.
sport

Sveitsaren rauk ut med siffera 4-6, 6-4, 4–6. Dermed vart det ikkje noko lykkeleg comeback for sveitsaren, som sist spelte kamp mot Nikoloz Basilashvili på hardcourten i Doha 8. mars. Det blir heller ikkje noko semifinalemøte med Casper Ruud, slik det ville vorte om begge spelarane vann dei to første kampane sine i turneringa.

Kampen på tysdag mot Andujar var Federers første på grus sidan han rauk ut av Roland-Garros i 2019, i semifinalen mot rivalen Rafael Nadal.

Den turneringa håpar Federer å spele i 2021, men tysdag viste den tidlegare verdseinaren at han er langt unna meistertaktar på grus.

For på grusbanen i Sveits vart 35 år gamle Andujar for sterk. Spanjolen er ranka som nummer 75 på verdsrankinga, men braut 8.-rangerte Federer i første sett og tok leiinga. Federer slo tilbake og vann andre sett, men sjølv med servebrot i det avgjerande settet, makta ikkje 39-åringen å vinne kampen.

Casper Ruud startar Genève-turneringa mot amerikanaren Tennys Sandgren onsdag.

(©NPK)