Uefa krev at Ukraina byter ut EM-trøyene

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) snur og beordrar Ukraina til å byte ut det mange oppfattar som politisk lada kampdrakter til fotball-EM.
sport

Det er skrifta «Ære til heltane» som har skapt harme i Russland. Slagordet var hyppig brukt under dei antirussiske demonstrasjonane i Ukraina i 2014.

Uefa stemplar frasen som «klart politisk».

Draktene til fotballandslaget i landet har skapt bruduljar i dei siste dagane. Det har skapt kjensler at draktene har silhuetten til det ukrainske kartet, inkludert Krimhalvøya på seg.

Russland annekterte Krim i 2014 og ser på området som ein del av Russland.

I tillegg er «Ære til Ukraina» og «Ære til heltane» trykte på draktene, og det er uttrykk som er ofte brukt av Ukrainas militære og som historisk sett er brukt i antirussiske og antisovjetiske manifestasjonar og konfliktar.

Russlands fotballforbund meiner trøyene er politiske og at dei strir mot Uefas grunnleggjande prinsipp. Uefa var ikkje samd i dette i utgangspunktet, men har altså endra standpunkt.

(©NPK)