Bent Sørmo selt til Belgia

Fotballspelar Bent Sørmo (24) er selt frå Kristiansund til Zulte Waregem og den belgiske toppdivisjonen.
sport

Den belgiske klubben stadfestar overgangen på nettsida si. Sørmo har skrive under på ein treårskontrakt med Zulte Waregem.

– Eg gler meg veldig til å spele for denne klubben, seier Sørmo i nyheitsmeldinga til klubben.

Klubbsjef Eddy Cordier opplyser at Zulte Waregem har følgt med på Sørmo ei stund, og at «konklusjonen er at hans kvalitetar og personlegdom passar perfekt med visjonen og ambisjonen til klubben».

Forsvararen frå Levanger har ei fortid i Levanger og Rosenborg. Deretter gjekk han tilbake til moderklubben før han gjekk til Kristiansund i 2018.

24-åringen har starta tre av seks kampar for Kristiansund i Eliteserien denne sesongen. KBK ligg på 3.-plass på tabellen.

I fjorårssesongen var Sørmo på banen i alle kampane til Kristiansund.

(©NPK)