Drillo føre fotball-EM: – Danmark kan bli farlege

Egil Drillo Olsen held Frankrike, Tyskland og Portugal som nokre av favorittane til fotball-EM og har naboen Danmark på outsiderplass.
sport

– Tyskland skal ein alltid rekne med, dei ser sterke ut. Frankrike blir òg veldig bra. Når du har Griezmann, Mbappé og Benzema føre der, med Pogba like bak, så blir det farleg. Belgia har eg ikkje så tru på, seier Drillo til NTB.

Han skal kommentere rundt 15 kampar for NRK under meisterskapen, og dessutan finalen på Wembley.

– Men dei to laga er jo i ei tøff gruppe med Portugal, og ein må alltid rekne med Ronaldo. Portugal ser bra ut. Det er tre land som fort kan vinne meisterskapen. Det blir ein utruleg spennande meisterskap.

– Om du måtte ha tippa – kven trur du vinn?

– Eg seier som Benny Lennartsson – «Jag er fotbollstrenare, ingen jækla spåmann! seier Drillo og ler.

Danmark?

Han slår òg eit slag for danskane.

– Nesten alle spelarane spelar i gode ligaer og får mykje speletid. Dei har fleire veldig gode spelarar og kan fort bite godt frå seg.

– Sverige, då?

– Eg trur Sverige kjem til å sakne Zlatan, eg har alltid vore begeistra for han. Eg trur ikkje svenskane har kapasiteten til å gå heilt til topps. Så veit eg ikkje så mykje om alle andre land, som Tsjekkia og Nord-Makedonia.

Og som eit lite malapropos frå Drillo, i forbifarten:

– Nord-Makedonia har noko som få andre land har, nemleg eit fjell som er høgast i to land. Korab er det høgaste fjellet i både Nord-Makedonia og Albania. 2764 meter.

Kva med Noreg?

Han trur Noreg hadde slite i meisterskapen.

– Dei er eit godt stykke bak dei beste, det er ingen tvil om det. Det er for få spelarar som spelar på eit høgt nivå, og som i det heile får spele i gode ligaer. Eg hadde ikkje med meg dei beste spelarane i verda då eg leidde landslaget på 1990-talet heller, men mange fleire spelte på eit høgt nivå og i gode ligaer.

Trendar

På spørsmål om han trur på nokon spesielle trendar under meisterskapen, svarer Drillo:

– Eg blir enormt imponert over individuelle ferdigheiter, som er på eit heilt anna nivå no enn for 10–15 år sidan. Likevel ser eg at det blir gjort mange feilval, og det er mykje rart på defensiv organisering. Det er òg mogleg å sjå i dag at ein sideback øydelegg for offside med tre meter, seier han.

– Det er utruleg, og det forundrar meg framleis, at ein kan gjere såpass mange feil defensivt. At det blir gjort feil offensivt er det litt lettare å forstå, fordi ein må ta avgjerdene mykje hurtigare. Men at ein ikkje har komme lenger defensivt er rart. Somme gonger ser eg forsvarsfeil som eg ikkje trur at eit juniorlag eg hadde trena hadde gjort ein gong, humrar Drillo.

Fotball-EM opnar med Italia mot Tyrkia i Roma fredag kveld.

(©NPK)