FCK hentar norsk 16-åring frå FFK

Stoppartalentet Ethan Amundsen-Day (16) er klar for den danske storklubben FC København. Den unge fotballspelaren knyter seg til FCK 1. juli.
sport

FCK melder på Twitter at Amundsen-Day går til talentavdelinga i klubben. 16-åringen gjer seg ferdig med ungdomsskulen i desse dagar.

– Det har vore nokre fantastiske år med FFK, og eg har lært masse. I tillegg har det vore ei glede å vere ein del av ein klubb med så mange hyggjelege menneske. No ser eg fram til nye utfordringar i FC København og ein travel fotballhaust, seier han til nettsida til FFK.

Sportsleg leiar Joacim Heier opplyser at totalen i avtalen med FCK gjer at det er den største overgangen i FFK på ti år.

(©NPK)