Uno-X søkjer om WorldTour-lisens: – Ein draum som har modna over tid

Det norske sykkellaget Uno-X vil søkje til UCI om å få WorldTour-lisens til 2023-sesongen. Laget håpar òg på invitasjon til Tour de France i 2022.
sport

Det var allereie kjent at kvinnelaget til Uno-X ville søkje om WorldTour-lisens frå 2022-sesongen, og fredag morgon stadfestar Uno-X i ei pressemelding at også mennene vil søkje om WorldTour-lisens til sesongen etter.

– WorldTour-lisens for både kvinne- og herrelaget vil skape norsk og dansk idrettshistorie og endå meir merksemd og begeistring for sykkel, seier Jens Haugland, dagleg leiar i Uno-X Norge og Uno-X Sykkel.

Om lisensen blir innvilga, vil det norske laget vere garantert plass i det største sykkelrittet i verda. Det inneheld mellom anna Tour de France, Giro d'Italia, Vuelta a España, og dessutan sykkelklassikarar som Paris-Roubaix og Flandern Rundt.

2023-sesongen er første moglegheit for herrelaget å søkje om WorldTour-lisens, sidan UCI innvilgar lisensar i treårssyklusar. I 2020 fekk Movistar innpass blant eliten til sykkelsporten, og i 2023 håpar Uno-X på det same. Då må dei danke ut eitt av dei 18 laga som har WorldTour-lisens i dag.

– Det er ein draum som har modna over tid, seier Haugland på eit digitalt pressemøte fredag morgon.

– 50–50

På pressemøtet fekk Haugland spørsmål om kor stor tru han har på at laget skal få innvilga lisens. Den daglege leiaren i Uno-X Norge og Uno-X Sykkel er ikkje sikker på om det går, men seier at «ein må vere litt halvgæren og seie det høgt» for å ha kjangs.

– Det er ingen garantiar i ein sånn prosess. Det er fullt i huset for WorldTour-laga for herrane, så får vi sjå om vi klarer å bane oss veg når vi søkjer i 2023. Vi trur vi har eit fundament som vi trur UCI vil vere interesserte i å knyte seg til, seier Haugland.

Han påpeikar òg at det vil bli tøft å få innpass om Uno-X har færre WorldTour-poeng enn konkurrentane når laget søkjar om lisensen. Prosentsjansen er som eit myntkast å rekne, meiner Haugland.

– Vi får vel seie 50–50.

Sjølv om dei må vente til minst 2023-sesongen for å få garantert plass i dei største sykkelritta i verda, har Uno-X eit håp om å stille til start i Tour de France allereie til 2022. Selskapet, som har forretningar i Noreg og Danmark, håpar på å kunne stille til start på «heimebane» når Tour de France opnar i Danmark i 2022.

– Vi får håpe at vi klarer å overtale nokre franskmenn til festen i København for herrelaget, seier Haugland.

Norske sykkelstjerner inn?

Laget som berre har norske og danske ryttarar i stallen, eit medvite val som Haugland fortel at dei ønskjer å halde fram med, håpar å bli forsterka med dei største namna i norsk sykkelsport.

Onsdag vart det kjent at laget prøver å signere Alexander Kristoff, noko sykkelstjerna sjølv stadfestar som «aktuelt».

Kristoff er på utgåande kontrakt med UAE Team Emirates, som betyr at 33-åringen skal vurdere tilbod frå fleire storlag.

I tillegg til Kristoff er òg lagkameraten Sven-Erik Bystrøm og Total Direct Énergie-ryttar Edvald Boasson Hagen på utgåande kontraktar. Dei har òg Uno-X planar om å kontakte.

– Vi skuldar ryttarane og oss sjølv å forhøyre oss med dei som har utgåande kontrakt og har norsk eller dansk pass. Vi legg ikkje skjul på at det er ryttarar vi høyrer om moglegheita med, seier Haugland.

(©NPK)