Liverpool-målvakt forlengde kontrakten

Den spanske målvakta Adrian blir i Liverpool. 34-åringen har signert ein ny avtale med Merseyside-klubben.
sport

Det opplyser Liverpool på nettsidene sine måndag.

Adrian vart henta gratis til Liverpool i august 2019. Sidan har han spelt 24 kampar for klubben. No held karrieren fram på Anfield.

Liverpool opplyser ikkje om lengda på den nye kontrakten til målvakta.

– Eg er kjempefornøgd, og eg er svært glad for å bli verande i klubben, seier spanjolen.

34-åringen har ei fortid i mellom anna Real Betis og West Ham.

(©NPK)