Everton hentar ving frå Leverkusen

Den engelske kantspelaren Demarai Gray (25) gjer comeback i Premier League hos Everton.
sport

Liverpool-klubben opplyser at Gray har skrive treårskontrakt med spelaren som spelte for Leicester i vel fem sesongar før han bytte til 1. Bundesliga og Leverkusen midtvegs førre sesong.

– Eg er begeistra over å vere tilbake i Premier League hos ein så stor klubb, og eg gler meg til å spele med laget og starte arbeidet, seier Gray.

Han blir det tredje kjøpet til Everton denne sommaren. Blåtrøyene har tidlegare henta den offensive midtbanemannen Andros Townsend og målvakt Asmir Begovic.

(©NPK)