OL: Richarlison-hat trick på 23 minutt

Brasil-stjerna Richarlison gav Tyskland ein real smell i OL-møtet mellom dei to fotballgigantane torsdag. Han skåra eit raskt hat trick på vegen mot 4-2-siger.
sport

Berre seks minutt var spelte då Richarlison sette den første ballen i mål bak målvakta til tyskarane, Florian Müller. Everton-spissen dobla leiinga etter 22 minutt og skåra endå ein gong sju minutt seinare.

Like før pause brann Matheus Cunha eit straffespark og ei moglegheit til å punktere kampen fullstendig.

OL-laget til tyskarane reduserte ved Nadiem Amiri elleve minutt etter sidebyte. Og sjølv om Maximilian Arnold vart utvist for sitt andre gule kort nokre minutt seinare, klarte Tyskland å redusere igjen ved Ragnar Ache etter 82 minutt.

Sigeren skulle uansett gå til Brasil. Paulinho la på til 4–2 på overtid og styrkte trepoengaren. Brasilianarane toppar OL-gruppe D, der Elfenbeinskysten tidlegare torsdag slo Saudi-Arabia 2–1 i opningskampen sin.

Argentina fekk ei overraskande tung opning på meisterskapen. Australia vann 2–0 etter skåringar av Lachlan Wales og Marco Tilio.

(©NPK)