Glimt enkelt vidare i Europa – vann 3–0 i returoppgjeret mot Valur

Bodø/Glimt hadde få problem å ta seg vidare til 3. kvalifiseringsrunde i conferenceligaen. Torsdag kveld vann Glimt 3–0 mot Valur og sikra 6–0 samanlagt.
sport

Bodø/Glimt hadde med seg eit svært godt utgangspunkt før returoppgjeret mot islandske Valur Reykjavik. Islendingane entra Aspmyra vel vitande om at dei måtte levere ein snuoperasjon av dei sjeldne for å ta seg vidare, men i staden var det Glimt som pynta på statistikken.

– Vi gjer jobben, det er det aller viktigaste. Så er det mange detaljar i spelet som eg kjenner vi framleis ikkje har knekt kodane godt nok. Men bra gjennomført, konstaterte Glimt-trenar Kjetil Knutsen etter kampen til VG.

Etter ei rekkje forspilte moglegheiter innleiingsvis, fekk Ulrik Saltnes endeleg stanga inn 1–0 til vertane 28 minutt ut i den første omgangen. Midtstoppar Brede Moe fekk krangla inn nok ei Glimt-skåring kvarteret ut i andre omgang etter eit hjørnespark. Elias Kristoffersen Hagen la på til 3–0.

Alt i alt vart det ein transportetappe for Glimt, som komfortabelt tok seg vidare til neste runde med 6–0 samanlagt.

Ulrik Saltnes var involvert i fire av Glimts mål i dei to oppgjera mot Valur og var godt fornøgd etter oppgjeret.

– Det er veldig bra. Det er klasseforskjell mellom laga synest eg. Vi kunne nok vunne endå meir om vi hadde hatt litt meir begjær, sa Saltnes etter at avansementet var sikra.

Sjansesløseri

Gultrøyene frå Bodø vaska fram fleire store målsjansar dei første 25 minutta på Aspmyra. Men verken to gonger Erik Botheim eller Ulrik Saltnes klarte å finne nettmaskene bak Hannes Thór Halldórsson i Valur-buret.

Men eit Glimt i skåringsform fekk endeleg hol på byllen. Og sjølvsagt var det to av gigantane frå det første oppgjeret som tok ansvar for vertane 26 minutt ut i den første omgangen. Patrick Berg svinga inn ein velplassert hjørnespark på første stolpe, der stod Saltnes og stanga inn 1–0 for Bodø/Glimt.

Heimelaga fekk nok ein stor sjanse på tampen av omgangen, men Sondre Brunstad Fet vart stoppa av ein utstormande Halldórsson i Valur-målet.

Brede Moe og Elias Kristoffersen Hagen bidrog begge til å pynte på målstatistikken for gultrøyene, som til slutt kopierte resultatet frå dei første oppgjeret.

På gang

Bodø/Glimt har byrja å finne tilbake til gammalt slag, etter at det har vore ein snever poengfangst for bodøværingane denne sommaren.

Etter at dei stod utan siger på fem kampar, har dei suverene meistrane frå fjorårets serie no vunne tre strake kampar. Fasiten på dei tre kampane er 10 mål og berre eitt baklengs. Det lovar godt for eit Bodø-lag som skal prøve å forsvare eliteserietriumfen frå i fjor og dessutan ta seg vidare i Europa.

Motstandar i neste runde av conferenceliga-kvalifiseringa blir truleg Priština. Laget frå Kosovo har med seg ein 4–1 leiing frå det første oppgjeret mot walisiske Connah's Quay Nomads.

– Det blir Kosovo. Det er eit heilt anna lag med ein heilt annan struktur, så det blir spennande. Vi haustar erfaring i Europa og det treng klubben og spelarane, sa trenar Knutsen om den neste runden i turneringa.

Tredje runde i kvalifiseringa blir spelt 5. og 12. august.

(©NPK)