Ny remis forlengjer Carlsen-semifinale

Magnus Carlsen spelte remis med svarte brikker i parti to mot Jan-Krzysztof Duda i verdscupsemifinalen i Sotsji. Det utvidar sjakkoppgjeret med ein dag til.
sport

Etter snautt fem timar ved sjakkbrettet vart rivalane samde om remis. Partiet hadde då komme opp i 65 trekk, medan det søndag vart poengdeling etter 32 trekk.

Carlsen hadde godt over åtte minutt igjen på klokka, medan Duda var nede på under fire. Det norske sjakkesset brukte mest områdingstid i på det 18. trekket sitt. Etter 28 minutt og 27 sekund flytta han til slutt dronningbrikka.

Duellantane står likt med eitt poeng kvar etter to strake remis. Tysdag går dei dermed frå langsjakk til hurtigsjakk for å kåre ein vinnar. Ved framleis poenglikskap held semifinalen fram med lynsjakk og eventuelt armageddon.

Duda var mannen som i oktober i fjor stoppa Carlsens rekordrekkje på 125 parti i langsjakk utan tap. Då utnytta polakken fleire tabbar frå verdsmeisteren i Norway Chess.

Verdscupturneringa i russiske Sotsji er ein av få konkurransar Carlsen har spelt framfor eit fysisk brett det siste halvtanna året. Sidan koronapandemien braut ut, har han for det meste spelt digitalt.

(©NPK)