Sky Sports: Tottenham vil bøteleggje Kane for ugyldig fråvær

Spekulasjonane rundt Harry Kane spissar seg til etter at Tottenham-stjerna var borte frå første trening før kommande sesong. No kan han å bli straffa økonomisk.
sport

Fleire britiske medium melde måndag at Kane ikkje møtte til første arbeidsdag etter ferien. Storskåraren gjorde det tidlegare i sommar klart at han ønskjer seg vekk frå Tottenham.

Ifølgje Sky Sports er klubben frå Nord-London skuffa over åtferda til Kane. Han kan vente seg å bli bøtelagd.

Manchester City vart i juni rapportert å ha lagt inn bod på England-kapteinen, men Tottenham avfeia eit tilbod på 100 millionar pund. Det svarer til over 1,2 milliardar kroner.

Kane har tre år igjen av Spurs-kontrakten, og klubbformann Daniel Levy skal vere svært lite interessert i å selje. Kjelder nær Kane hevdar partane hadde ei felles forståing og ein munnleg avtale om å la han gå i sommar.

Harry Kane gjekk gradene i Tottenhams akademi før han vart førstelagsspelar. Han står med 221 mål på 336 kampar. Dei siste fem–seks åra har han vorte sett på som ein av dei beste spissane i verda.

(©NPK)