Warholm knuste OL-feltet og tok gull: – Er det mogleg?

Karsten Warholm smadra verdsrekorden og fossa inn til OL-tittel på 400 meter hekk. Det var den første olympiske tittelen til 25-åringen.
sport

Det vart eit løp for minneboka der nordmannen hadde eit lite grep heile vegen på veg mot 45,94.

Rai Benjamin tok innpå han på oppløpssida på veg mot den siste hekken, men så fann Warholm ekstra krefter, svarte og rykte frå til klar siger.

Benjamin kom inn på 46,17, også han langt under den tidlegare rekorden. Det var langt ned til bronsen. Den tok Alison dos Santos, men han var berre to hundredelar bak Warholms tidlegare verdsrekord.

– Er det mogleg, mumla Warholm medan han rusla rundt i målområdet.

Han såg skaka ut då han fekk sjå tida lyse frå storskjermen. Før det hadde han rive i stykke drakta si i glede. Og gøymt ansiktet i hendene, tydeleg småsjokkert.

– Eit løp for historia, sa speakeren på stadion.

Perfekt

Det er ikkje Warholm usamd i.

– Eg har tvilt på om det finst noko sånt som eit perfekt løp, men i dag trur eg faktisk det var det. Viss eg klarer å kopiere dette, så er det fantastisk, sa han til Discovery.

– Dette betyr heile verda for meg. Alt eg har putta inn, alle timane eg har brukt. Dette er livet mitt, og eg vil takke alle som stod opp tidleg og brukte tida si til å sjå på meg, alle som har støtta meg, sa han.

– Eg skal innrømme at i dag kom tårene, eg skal ikkje skjule det. Det er det største eg har opplevd på ein idrettsbane.

Det var ein heilt spesiell augneblink òg for mange andre. Det internasjonale friidrettsforbundet skreiv på sin nettstad at det var eitt av dei beste løp på ein friidrettsbane nokosinne.

Vanskeleg å tru

På pressetribunen kikka reporterane på kvarandre, og fleire tvilte på at klokka viste riktige tider.

Fleire nettstader beskriv prestasjonen til Warholm som eitt av historias beste i friidrett uansett øving.

Warholm får gullmedaljen på ein seremoni 19.45 japansk tid tysdag. Tidlegare i OL vann Kristian Blummenfelt triatlon for Noreg.

Warholm sette verdsrekord med 46,70 under Bislett Games i Oslo 1. juli. Den vart blåsen av banen i OL.

Seks av dei sju første i finalen sette personleg rekord. Både Benjamin og Dos Santos sette rekord for kontinentet sitt, ytterlegare tre mann sette nasjonal rekord.

– Eg trudde 46,4 ville halde til å vinne. Viss du hadde sagt at eg skulle springe på 46,1 og tape, så ville eg antakeleg ha gitt deg juling, sa Benjamin i pressesona.

Utan tap sidan 2018

Sist gong Warholm tapte ein 400 meter hekk var i tsjekkiske Ostrava 8. september 2018. Han vart verdsmeister både i London i 2017 og i Doha i 2019.

Warholm debuterte i olympisk samanheng i Rio de Janeiro i 2016. Då vann han forsøksheatet og kom på fjerdeplass i semifinalen. Den gong nådde han ikkje finalen og vart nummer ti totalt.

Seks nordmenn hadde teke OL-gull i friidrett før Warholm starta i godt over 30 varmegrader i Tokyo. Spydkastar Andreas Thorkildsen var sist ut av desse i 2008.

Tysdag gjorde Warholm ein prestasjon som overgjekk dei alle.




(©NPK)