Nekta å møte israelar – utestengd i ti år

Fethi Nourine (37) og trenaren blir hardt straffa av Det internasjonale judoforbundet etter å ha trekt seg frå OL i Tokyo.
sport

Då trekkinga viste at Nourine risikerte å møte israelaren Tohar Butbul i 73-kilosklassen i 2. runde av OL-turneringa, trekte han seg frå leikane. Dermed vart det heller ingenting av det oppsette møtet med ein utøvar frå Sudan i 1. runde.

OL-komiteen til Algerie sende Nourine heim frå Tokyo etter at dei opplyste standpunktet sitt. Det internasjonale judoforbundet har stengt han ute i ti år.

37-åringen sa at dei politiske sympatiane hans for Palestina gjorde det umogleg for han å møte ein israelar.

Nourine er stengd ute for å ha uttrykt politiske og religiøse standpunkt, og det er ikkje lov i samsvar med olympiske regelverket.

Nourine trekte seg òg frå VM i Tokyo i 2019 med same grunngiving.

(©NPK)