Finsk back til Storhamar

Storhamar har fått på plass ei etterlengta backforsterking i finnen Konsta Mäkinen (29).
sport

Det opplyser ishockeyklubben på nettstaden sin. Storhamar har så langt i oppkøyringa til sesongen slite med fleire skadar hos backane sine. Dermed kjem den rutinerte spelaren inn som ei viktig forsterkning.

Mäkinen har åtte sesongar og over 300 kampar bak seg i den finske toppserien med moderklubben Ilves og KalPa. Førre sesong spelte han i Narvik, og no seinast i tyske Freiburg på nivå to.

Han er klar for spel i Storhamar så fort papira er i orden, noko klubben håpar på blir laurdag, når Stavanger kjem på besøk.

– Konsta er ein veldig erfaren back som vi har fått gode tilrådingar på. Han er god både i det offensive og det defensive, så han kan vere til god hjelp for oss i begge endar av isen. Vi ser det òg som ein fordel at han kjenner norsk hockey frå før. Det er nyttig i både kort og litt lengre perspektiv, siger sportssjef i Storhamar, Mads Hansen.

Mäkinen har skrive kontrakt ut inneverande sesong.

(©NPK)