Handball: Abalo til japansk klubb

Den franske stjernevengen Luc Abalo er ferdig med spel for Elverum og klar for japanske Zeekstar Tokyo, melder VG.
sport

Dermed held 37-åringen fram karrieren. Abalo vurderte i utgangspunktet å leggje opp etter OL-gullet med Frankrike i august.

Like etter OL-suksessen var det òg eit alternativ å vende tilbake til Elverum, der Abalo spelte sist sesong. Noreg-opphaldet vart likevel noko øydelagt av at styresmaktene nekta handballveteranen å returnere til Noreg etter å ha spelt VM i Egypt sist vinter.

– Eg ville slutte med handball, men etter førebuingane med det franske laget og meisterskapen så langt, så kjenner eg meg bra. Så kanskje vil eg halde likevel fram. Eg må kjenne på det, sa Abalo til NRK for vel ein månad sidan.

(©NPK)