Jarstein nærmar seg friskmelding

Landslagsmålvakt Rune Almenning Jarstein er tilbake i trening og håpar å kunne vere med på oktober-samlinga til fotballherrane, melder TV 2.
sport

Jarstein spelte sin førre fotballkamp i slutten av mars. Seinare vart han koronasmitta, ramma av hjartemuskelbetennelse og deretter heilt slått ut av koronavaksinen.

Den erfarne Hertha Berlin-målvakta er stadig ikkje kampaktuell med det første, men fortel at han trenar mykje.

– Hittil har eg vel hatt sju–åtte keeperøkter. Om alt går etter planen, blir eg friskmeld neste veke, og då vil eg byrje roleg med resten av laget på treningsfeltet. Det er eigentleg mykje tidlegare enn eg torde å håpe på etter mi første rolege økt på rehabiliteringssenteret, seier Jarstein til TV 2.

Han fortel at han spring, driv styrkjetrening og det meste han gjorde før han vart sjuk. Jarstein har eit lite håp om å komme med i det neste landslagsuttaket til Ståle Solbakken.

– Det ville i alle fall vore veldig gøy å få vere med laget. Eg trur berre det er fint å setje seg nokre store mål. Det har som sagt gått fortare enn eg torde å håpe på. Det var gøy å sjå landslaget på førre samling, men samtidig skulle eg gjerne vore der sjølv. Motivasjonen er veldig høg for å komme tilbake dit.

(©NPK)