Billettane rivne vekk før Nederland – Noreg

VM-kvalifiseringskampen i fotball mellom Nederland og Noreg i november vart utseld i løpet av kort tid.
sport

Det melder det nederlandske fotballforbundet. Oppgjeret blir spelt på Feijenoord stadion (Dei Kuip) i Rotterdam. Der er tilskodarkapasiteten 47.500.

Før turen til Nederland spelar Noreg heime mot Latvia. Den kampen vart utseld på vel tre timar onsdag.

Billettane til norske bortefans som ville til Nederland, forsvann svært raskt etter at dei vart lagde ut for sal.

Nederland toppar puljen med 19 poeng føre Noreg (17) og Tyrkia (15). Ved poenglikskap tel den totale målforskjellen først.

Dette er dei attståande kampane, 13. november: Noreg – Latvia, Tyrkia – Gibraltar, Montenegro – Nederland. 16. november: Gibraltar – Latvia, Montenegro – Tyrkia. Nederland – Noreg.

(©NPK)