Brustein og Alpe d'Huez – slik blir Tour de France-løypa i 2022

Eit besøk på brusteinane i Paris-Roubaix og eit comeback på fjellmonsteret Alpe d'Huez blir nokre av ingrediensane i neste års Tour de France.
sport

Det vart klart då arrangørane i franske ASO torsdag presenterte traseen ryttarane skal gjennom i den 109. utgåva av det mest prestisjetunge sykkelrittet i verda.

Dermed vender sykkelstjernene tilbake til Alpe d'Huez-fjellet, ein av Tourens ikoniske stigningar, for første gong sidan 2018. Den gong tok britiske Geraint Thomas ein sterk etappesiger iført den gule leiartrøya.

Som i rittet i år, blir den nest siste etappen ein tempoetappe. Den vil dermed igjen avgjere kven som til slutt stikk av med samanlagtsigeren og den gjæve gule leiartrøya.

Slovenske Tadej Pogacar har vunne rittet dei to tidlegare åra, i år føre den danske sensasjonen Jonas Vingegaard.

Dansk start

Enkelte delar av 2022-løypa var kjend i forkant. Jakta på etappesigrar og dei gjæve trøyene startar i København 1. juli. Deretter skal to etappar til køyrast på dansk jord, før sykkelsirkuset flyttar seg til Frankrike.

Danmarks kronprins Frederik deltok på offentleggjeringa på torsdag.

København skulle opphavleg stått for innleiinga av årets Tour, men som følgje av viruspandemien og det utsette EM-sluttspelet i fotball, vart planane endra og forskoven med eitt år.

2022-utgåva blir innleidd med ein 13 kilometer lang prolog i sentrum av København. Deretter venta to tradisjonelle etappar på landevegen i flatt terreng. Usikkerheitsmomentet her vil etter alle solemerke vere faren for vind.

Kvinnerittet tilbake

Etappe nummer to startar i Roskilde, og undervegs mot målgangen i Nyborg skal ryttarane mellom anna krysse den 18 kilometer lange Storebæltsbrua. Det borgar for spektakulære TV-bilete.

Etappe nummer tre går mellom Vejle og Sønderborg.

Deretter ventar ein uvanleg tidleg kviledag, som arrangøren har set seg nøydd til å leggje inn som følgje av forflyttinga mellom Danmark og Frankrike.

Dei beste kvinnelege syklistane i verda skal òg sykle Tour de France neste år. Også denne traseen vart presentert torsdag. Den første etappen startar ved Eiffeltårnet og går på Champs-Élysées, paradegata som tradisjonen tru er arena for målgangen av rittet til mennene.

Den tøffaste fjelletappen har målgang på toppen av La Planche Belles Filles. Stigninga, som er kjend for ei avslutning med grusveg mot toppen, vart sist brukt som ein tempoetappe for herrane i 2019.

Kvinnerittet består av åtte etappar.


(©NPK)