King tilbake i trening – kan rekke Liverpool-kampen

Joshua King er tilbake i trening for Watford etter kneskaden som hindra han i å delta i landskampane mot Tyrkia og Montenegro.
sport

Klubben til den norske landslagsprofilen, Watford, stadfestar på nettsidene sine at nordmannen kan rekke kommande helgs Premier League-møte med Liverpool.

Skaden King har slite med blir beskriven som ein mindre bandskade i kneet, og det blir opplyst vidare at spissen vil bli undersøkt nærare inn mot kampen mot Liverpool.

Oppgjeret på laurdag blir Claudio Ranieris første som Watford-manager. Italienaren overtok det sportslege ansvaret i London-klubben etter at Xisco Munoz fekk sparken før landslagspausen.

Joshua King og lagkameratane ligg på 15.-plass i Premier League etter sju serierundar. Så langt har det vorte to sigrar.

Skulle Ranieri plusse på til tre sigrar laurdag, gir laget han ei tidleg bursdagsgåve. Trenarringreven, som leidde Leicester til eit overraskande ligagull 2015/16-sesongen, rundar 70 år 20. oktober.

(©NPK)