LSK sikra seg forsterkning frå toppseriekollega

Midtbanespelaren Laura Gashi forlèt Lyn til fordel for LSK Kvinner etter inneverande sesong.
sport

Den tidlegare Rosenborg-spelaren har signert ein kontrakt som strekkjer seg ut 2023, melder LSK på nettsidene sine.

– Først og fremst så gler eg meg veldig til å ta steget vidare til ein klubb med høge ambisjonar og med mykje erfaring. Målet er sjølvsagt å bidra på best mogleg måte til at laget kan kjempe seg til topps igjen, spele Champions League og vinne NM, seier Gashi.

LSK-trenar Knut Slatleim er fornøgd med forsterkninga.

– Laura er ein veldig spennande spelar som har eit godt ferdigheitsregister med ballen i beina og i pasningsspelet sitt. Ho har ein kreativ del i spelet sitt som blir spennande å vidareutvikle, seier han.


(©NPK)