Skandaletrenar og utstyrsgigant saksøkt – løpar krev 168 millionar kroner

Friidrettstrenaren Alberto Salazar og Nike er stemna av mellomdistanseløpar Mary Cain for 20 millionar dollar. Ho hevdar å ha vorte emosjonelt mishandla.
sport

Allereie i 2019 vart Salazar skulda av Cain for å ha prøvd å få henne ned i ei uforsvarleg vekt då ho var ein del av utstyrsgiganten Nikes treningsgruppe «The Oregon Project». Det fortalde ho i eit intervju med New York Times.

Cain sa det gjekk så langt at ho fekk sjølvmordstankar. Torsdag vart det kjent at den tidlegare juniorverdsmeisteren har saksøkt Salazar og Nike for 168 millionar kroner.

I rettsdokumenta hevdar Cain at ho vart kjenslemessig krenkt. Mellom anna skal trenaren ha sagt at Cain var for tjukk og at brysta og baken hennar var for store.

Cain skuldar Nike for å ha visst om mishandlinga utan å gripe inn. Derfor går ho òg til sak mot selskapet. Nike vil ikkje kommentere rettsprosessen.

Salazar er i USA stengt ute frå trenaryrket på livstid etter skuldingar om seksuell trakassering av kvinner i Nikes nemnde treningsgruppe. 63-åringen har sjølv innrømt å ha komme med «urimelige eller ufølsomme» kommentarar, men nekta for at det handla om overgrep eller kjønnsdiskriminering.

Oregon Project vart lagt ned i 2019. Der var Salazar trenar for fleire av dei største langdistansestjernene, blant dei briten Mo Farah og nederlandske Sifan Hassan.

Hausten 2019 vart Salazar òg utestengd i fire år for brot på dopingreglementet. Nyleg tapte han ankesaka i Den internasjonale valdgiftsretten for sport (CAS).


(©NPK)