Flodin fekk ny jobb i den svenske OL-komiteen

Johan Flodin var i mange år suksesstrenar for det norske rolandslaget. No har svensken vendt heim for å bli sports- og utviklingssjef i den olympiske komiteen.
sport

Årets sesong vart Flodins siste som norsk landslagstrenar i roing. Han skulle eigentleg ha gitt seg i fjor, men vart med vidare for å få med seg OL og Paralympics i Tokyo. Koronapandemien utsette leikane med eitt år.

Norsk rosport plukka 30 meisterskapsmedaljar over ni år under Flodins leiing.

– Det har vore ei herleg reise. Det er så mange som har vore med på å støtte meg gjennom mange år. Det har ført til gode år for meg og for norsk roing, seier Flodin til NRK.

No går ferda vidare til ei sentral rolle i Sveriges olympiske komité (SOK). Der skal 54-åringen vere sports- og utviklingssjef.

– Det er ordentleg inspirerande å kunne jobbe for SOK og bidra med kunnskapane og erfaringane mine til alle dei olympiske idrettane våre, seier Flodin i ei pressemelding.

Det er ikkje klart kven som blir Flodins erstattar i Noregs rolandslag.

(©NPK)