Guro Reiten drilla som venstreback før lagnadskampen

Guro Reiten kan tysdag skrive seg på lista over angrepsspelarar som har spelt venstreback på kvinnelandslaget. Ho vart drilla der før Belgia-kampen.
sport

– Eg gjer jobben eg blir sett til, og i dag var det der, sa Reiten til NTB etter treninga på Ullevaal, der Noreg skal ta imot den anteke hardaste rivalen i kampen om gruppesiger og VM-billett. Det kan bli ein svært viktig kamp.

– Julie Blakstad fekk ei kraftig lårhøne mot Polen, og vi trong å finne ei løysing om ho ikkje kan spele. Vi har vore innom fleire ulike alternativ, men Guro har vore vingback i Chelsea i ganske mange kampar denne sesongen, så det kjennest ikkje heilt unaturleg å teste henne som back, sa Martin Sjögren til NTB.

Han har ikkje avvist at Blakstad kan bli klar.

– Ho testa seg i dag, og det såg vel ut som det gjekk ganske bra. Ho var i alle fall med på trening, men eg må gjere ei vurdering med det medisinske teamet og høyre kva dei meiner.



(©NPK)