Hamilton meiner Verstappen har fordel i kampen om VM-tittelen

Formel 1-stjerna Lewis Hamilton legg presset på rivalen Max Verstappen og seier det er klart at sistnemnde har overtaket i kampen om å bli verdsmeister.
sport

Hamilton har sju VM-titlar i beltet og er tolv poeng bak Verstappen etter USAs Grand Prix i helga. Det er eit forsprang som kan hentast igjen med fem rundar som står att, men Hamilton fryktar han vil vere lengre bak etter dei to neste rundane i Mexico og Brasil.

– Dei to neste banane er banar der Red Bull er veldig sterke, så det blir vanskeleg. Eg tenkjer ikkje så mykje på det, eg er glad for jobben eg gjer og lever i noet, seier Hamilton.

Verstappen seier på si side at han ikkje vil ta noko for gitt i Mexico.

– Vi må treffe på detaljane og starte på nytt i Mexico, seier han.

(©NPK)