Sterke spekulasjonar om Solskjærs framtid i britisk presse

Manchester Evening News melder at United-leiinga vurderer å kvitte seg med Ole Gunnar Solskjær før neste kamp. The Guardian skriv at han har mista garderoben.
sport

Ingen av avisene oppgir opne kjelder for opplysningane sine. Det har storma rundt Solskjær fleire gonger, og anonyme kjelder har òg tidlegare hevda at han ville få sparken – utan at det har skjedd.

Spekulasjonane har auka etter det audmjukande 0-5-tapet heime mot Liverpool søndag. Etter tapet skriv lokalavisa at Ole Gunnar Solskjærs kan ha leia laget for siste gong.

Manchester Evening News er blant avisene som følgjer klubben tettast. Ifølgje kjeldene til avisa vurderer klubbleiinga å kvitte seg med Solskjær før neste kamp mot Tottenham laurdag.

Klubben har ikkje svart på førespurnader om kommentarar på denne påstanden.

Samtidig skriv The Guardian at anonyme kjelder opplyser at Solskjær har mista støtta frå garderoben når det gjeld ferdigheitene hans som manager.

Andre personar med nær kjennskap til klubben, som tidlegare speler Gary Neville, har gått ope ut og sagt at Solskjær truleg ikkje ryk med det første. Dei har antyda at han framleis vil få tillit viss dei neste kampane går Uniteds veg.

(©NPK)