Lovkomiteen i fotballen avviste forslag om lenger pause

Den internasjonale lovkomiteen i fotballen (IFAB) har avvist eit forslag om å forlengje pausen frå 15 til 25 minutt.
sport

Forslaget kom frå det søramerikanske fotballforbundet. Dei ville ha utvida pausen med ti minutt for å få plass til meir reklame i mellom omgangane.

Den internasjonale lovkomiteen i fotballen (IFAB) hadde det årlege forretningsmøtet sitt i Liechtenstein onsdag. Der skal dei mellom anna leggje opp dagsorden for årsmøtet i mars.

(©NPK)