Haaland på ellevteplass i Gullballen-kåringa

Erling Braut Haaland enda like utanfor topp ti i kåringa av verdas beste fotballspelar.
sport

Det er klart etter at fotballmagasinet France Football, som deler ut Ballon d'or, på norsk Gullballen, har plassert dei nominerte som hamna på plassane frå 11 til 30.

Haaland hamna like utanfor topp ti-feltet, men føre storspelarar som Neymar og Romelu Lukaku og dessutan EM-vinnarane Giorgio Chiellini, Leonardo Bonucci og Nicolò Barella.

Nordmannen var nominert til Gullballen etter eit solid år for Borussia Dortmund og det norske landslaget. Haaland vart mellom anna toppskårar i Meisterligaen sist sesong, og han vart kåra til den beste spissen i turneringa.

Bookmaker-favoritten til å vinne Gullballen er Lionel Messi. Får han prisen, blir det for sjuande gong.

(©NPK)