Neymar ferdigspelt for i år

Paris Saint-Germain må klare seg utan stjernespissen Neymar i seks til åtte veker som følgje av ein ankelskade.
sport

Det opplyser den franske storklubben på nettstaden sin. Neymar vart skadd då Paris Saint-Germain (PSG) slo Saint-Étienne 3–1 søndag.

– Testar som vart utførte i natt, stadfestar at Neymar har forstua den venstre ankelen og fått leddbandskadar. Det er venta at han er utilgjengeleg i seks til åtte veker. Ei ny undersøking skal gjerast om 72 timar, skriv PSG.

Klubben opplyser vidare at Marco Verratti var tilbake på trening måndag, og at Mauro Icardi, Georginio Wijnaldum og Ander Herrera alle kjem tilbake til treningsfeltet denne veka.

Neymars skade betyr at han mistar ei rekkje kampar dei kommande månadene, men det er ikkje fare for sluttspelet i Meisterligaen i februar.

PSG er allereie kvalifisert for åttedelsfinale i Europacupen og leier den franske ligaen med tolv poeng.

(©NPK)